Norsk Målungdom

Nynorsk på film – no!

, Landsstyret

Nynorsk er so godt som borte frå norske kinoar. Sidan 1984 er berre åtte – 8 – filmar vortne teksta på nynorsk! Dette er skammeleg lite og fører til at nynorskbrukarar ikkje får møtt målet sitt i kvardagen. Dette skjer ikkje berre med nynorsk, men òg med kvensk og dei samiske språka. Den aller fyrste kvenske barnefilmen, Kivikylä, kom ut i 2024, det er faktisk for dårleg! Dei småe språka kan ikkje vera bundne av at éin statleg aktør tek eineansvar for at unge språkbrukarar i det heile skal få lov til å møta morsmåla sine utanfor lærebøker.

Det er òg urovekkjande når filmar og seriar som fyrst har nynorsk teksting, seinare misser denne tekstinga. Game of Thrones var teksta på nynorsk då NRK sende serien, men då HBO vart einehavar fekk filmserien berre bokmålsk teksting. Den russiske barneserien Masha og Mishka hadde nynorsktale då NRK sende han, men då Viasat fekk rettane so vart heile serien døbba om til standard austlandsk. Dei utrulege 2 hadde éi – 1 – scene på nynorsk då han kom ut i 2019, når Flapjack ser på ein krimfilm i svart og kvitt der etterforskarane talar nynorsk, men denne eine vesle scena vart sidan døbba om til standard austlandsk av Disney+.

Det er eit klårt mønster av at kommersielle aktørar ikkje vyrder nynorsk, men snarare ser han som eit hinder for å nå ut til forbrukarane sine. Dette er ei avleggs og gamaldags syn som høyrer heime på den historiske skraphaugen. Språklova §4 slår fast at «Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet». Då vert det eit tydeleg problem når ungar leikar på bokmål og stadig fleire unge ikkje talar dialekta si, men vel dei dialektene som ligg nærast bokmålet. I nyttårstala si slo leiaren i Norske Kvenars Forbund fast at kvensk «har framleis språkbrukarar, men dei er gamle folk. Språket kan enno bergast», men då må styresmaktene fylgja opp vurderingane i Sannings- og forsoningskommisjonen og gjera noko no. Dei småe måla kan ikkje venta på handling!

Regjeringa må på bana og fylgja opp eigen målpolitikk!

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at:

  • Statleg filmstøtte bør koplast til eit krav om at produsenten skal levera teksting på både bokmål og nynorsk.
  • Kulturdepartementet må koma på bana og krevja ikkje berre nynorsk teksting, men òg tale. Norsk Målungdom heiar på at dialektbruken har auka dei siste åra, men krev endå meir dialektbruk for å motverka dialektdaude og dialektutvatning.
  • Norske politikarar må krevja at utanlandske strøymetenester, slik som Netflix, Disney+, Prime og HBO, skal taka ansvar for dei norske måla. Ein del av dette må vera at dei skal teksta på både bokmål og nynorsk, men òg at dei må teksta og laga filmar/seriar på kvensk og dei samiske språka.